
Sjukepleiar
Likar du tanken på ein variert og meiningsfull kvardag, der du verkeleg kan gjere ein forskjell? Då er dette jobben for deg! Me søkjer engasjerte sjukepleiarar som vil vere med på å skape tryggleik, meistring og gode augneblink for brukarane våre- i deira eigen heim.
Hos oss blir du del av eit sterkt fagmiljø med kollegaer som støttar, utfordrar og heiar på deg. Du får bruke sjukepleiefagleg kompetanse i både avanserte prosedyrar og i det nære og relasjonelle arbeidet. Ingen dagar er like, men alle dagar er viktige!
Me har plass til deg på laget vårt!
· 1 x 95 % fast sjukepleiarstilling
Arbeidstid
· 3-delt turnus
· Moglegheit for langvakter 4. hver eller 6.hver helg
· Fleksible turnusløysingar og årsturnus
Tilsetting skjer fortløpande – søk no!
Kva skal du jobbe med?
· Direkte sjukepleie og sørge for at sjukepleiefaglege oppgåver utførast i tråd med gjeldande krav til kvalitet
· Sikre dokumentasjon etter gjeldande lovverk og tiltaksplanar i Gerica
· Rettleiing og undervisning av pasienter, pårørende, studenter og kollegaer
· Bruk av velferdsteknologi og tverrfagleg samarbeid
Kva får du hos oss?
· Ein spennande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
· Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
· Støtte frå eigen fagsjukepleiar
· Gode pensjons- og forsikringsordningar
· Gode velferdsordningar og løn etter tariff
Kven er du?
· Offentleg godkjent sjukepleiar
· Beherskar norsk både munnleg og skriftleg
· Førarkort klasse B
· Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
· Engasjert, ansvarsbevisst og fleksibel
· Likar utfordringar og ein variert arbeidskvardag
Er du klar for nye utfordringar i eit miljø der trivsel og fagleg utvikling går hand i hand?
Me gleder oss til å ønskje deg velkommen!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Søknadsfrist:
19.02.2025
Tiltreding:
Fortløpande
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
Ailin Fagerdal Risvik
mob: 90401165
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Skulevegen 6856 Sogndal