
Avdelingsleiar vatn og avløp - bli med på laget som sikrar reint vatn i Sogndal
Vil du jobbe med berekraftige løysingar og ha ein jobb som verkeleg betyr noko?
Me i Sogndal kommune søkjer ein engasjert og dyktig avdelingsleiar for vatn og avløp. Dette er ein unik moglegheit til å påverke framtidas infrastruktur og miljøløysingar i regionen vår.
Du får ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med berekraftige og framtidsretta løysingar for vassforsyning og avløp.
Kven ser me etter?
Me trur du har følgjande kompetanse og erfaring:
* Ingeniørutdanning, gjerne innan vatn- og avløpsteknikk, bygg og anlegg eller tilsvarande
* Erfaring med prosjektleiing
* God til å kommunisere på norsk både munnleg og skriftleg
* Manglande formell utdanning kan kompenserast med relevant erfaring
Dette får du hjå oss:
Ein spennande og meiningsfull jobb – bidra til samfunnsnyttige løysingar.
Eit godt arbeidsmiljø – trivelege og dyktige kollegaer som deler kunnskap og erfaring.
Gode moglegheiter for fagleg utvikling – kurs, opplæring og etterutdanning.
Ein fantastisk plass å bu og jobbe – kombiner ein spennande karriere med friluftsliv og høg livskvalitet i vakre Sogndal.
Kvifor søkje denne stillinga?
✔ Gjer ein forskjell – du blir ein nøkkelperson i arbeidet med reint vatn og gode avløpsløysingar for innbyggjarane våre.
✔ Varierte og utfordrande oppgåver; kombiner planlegging, prosjektleiing og praktisk oppfølging.
✔ Eit sterkt fagmiljø – du blir ein del av eit inkluderande og kompetent team som deler kunnskap og erfaringar.
Har du spørsmål?
Kontakt avdelingsleiar Torgeir Bang på telefon 900 21 120.
Me gler oss til å høyre frå deg!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
23.03.2025
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
mob: 900 21 120
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Riverdalen 5 6856 Sogndal