
Miljørettleiar og fagarbeidarar
Kvåle skule (6.–10. trinn) ligg sentralt ved Fosshaugane Campus og har om lag 400 elevar og 50 tilsette. Dette gjer skulen til ein av dei største skulene i Sogn. Som miljørettleiar hjå oss bidreg du til ein best mogleg skulekvardag for elevane, anten ved å følgje enkeltelevar tett eller støtte heile klassar. Du samarbeider jamleg med lærarar, føresette og andre fagpersonar for å skape eit godt opplæringstilbod. Er du ein som kan gjera ein forskjell for elevane våre, så er dette jobben for deg!
Det vil frå hausten 2025 bli ledig fylgjande:
Inntil 6x 86% miljøterapeut vikariat for skuleåret 25/26.
- Eventuelt andre ledige stillingar som skulle bli tilgjengeleg.
- Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire stillingar/vikariat i utlysingsperioden som òg kan bli handsama med same søkjargruppe.
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behov og blir utforma i tett dialog med kollegaer.
Som miljørettleiar eller fagarbeidar skal du mellom anna arbeide med:
- Eit trygt og godt læringsmiljø for elevane.
- Eit godt samarbeid med lærarar på teamet, teamleiar, fagleiar for miljørettleiarane og anna personale.
- God samhandling med PP- tenesta, BUP og andre samarbeidspartar
- Delta i samarbeidsmøte knytt til elevane
- Rettleiing og tilrettelegging av eit heilskapleg opplæringstilbod ut i frå elevane sitt behov.
- Eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt beste
- Sosial trening og eigenmeistring, og bidra til å etablere eit sosialt nettverk rundt elevane
- Skulen sitt utviklingsarbeid.
- Leksetid og sfo-arbeid må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Me ønskjer primært etter søkjarar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut, men andre med relevant fagbakgrunn og/eller yrkeserfaring vert også vurdert for stillingane.
- Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som til ein kvar tid reflekterer elevgruppa og som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar.
- Stillinga krev evne til utstrekt samarbeid med kontaktlærar, føresette og elevane. Personar med fagbrev i barne og ungdomsarbeidarfaget er også velkomne til å søka då det kan bli ledige stillingar som fagarbeidar i skule og SFO.
- Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Me ser etter initiativrike personar med eit positivt elevsyn og gode relasjonsferdigheiter. Erfaring med sosial trening, elevtiltak og utfordrande åtferd er ein fordel.
Me tilbyr
- Ei spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
- Løn etter gjeldande avtaleverk
Søk på stillinga og bli med på å gjere ein forskjell for elevane våre!
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Søknadsfrist:
27.03.2025
Tiltreding:
11.08.2025
Arbeidsstad:
Sogndal
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal