Sogndal kommune Kvåle skule

Miljørettleiar i tiltak

Kvåle skule er ein 6–10-skule med nærmare 400 elevar og kring 50 tilsette, lokalisert ved Kvåle stadion nær Fosshaugane Campus. Skulen er med dette ein av dei største skulene i Sogn. 

Som miljørettleiar i tiltak jobbar du utanfor ordinært klasserom og følgjer einskildelevar i ein eigen base. Du samarbeider tett med kollegaer og føresette for å skape ein meiningsfull kvardag for elevane.
Om du tenkjer at du kan vera med å gjera ein forskjell for einskildelevar, så er dette jobben for deg.  

Ledige stillingar

  • Inntil 3 x 50 % vikariat for skuleåret 25/26, med moglegheit for forlenging.
  • Stillinga kan kombinerast med arbeid i avlastningstenesta for høgare stillingsprosent.
  • Ønskjeleg oppstart: 28. juli.

Arbeidsgjevar tek atterhald om at fleire stillingar kan bli utlyste i perioden, som òg kan bli handsama med same søkjargruppe. 

Arbeidsoppgåver

Desse stillingane er knytt opp til eit einskildtiltak på skulen, og du vil arbeide i eit mindre team med rulleringsordning. Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet i tiltaket, og blir utarbeidd i tett dialog med foreldre, dei andre tilsette i teamet og med rettleiing frå eksterne. 
Du skal mellom anna:

  • Skape meiningsfylte dagar for einskildelevar ved skulen. 
  • Tilretteleggje for deltaking i daglege aktivitetar. 
  • Handtere utfordrande åtferd på ein profesjonell og omsorgsfull måte. 
  • Samarbeid med og utføre miljøterapeutiske tiltak saman med øvrig personale. 
  • Rettleie og støtte eleven i sosiale ferdigheiter og ADL ferdigheiter.
  • Utarbeide og følgje opp individuelle planar. 
  • Bidra til eit godt skule og arbeidsmiljø.  
  • Syte føre at det skjer god samhandling med PP- tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til eleven.     
  • Arbeide for eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt beste.   
  • Gi eleven sosial trening og eigenmeistring. 

Kvalifikasjonar

  • Me søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut, høvesvis vernepleiar eller anna helsepersonell, men høgskuleutdanning er ikkje eit krav. 
  • Personar med fagbrev som helsefagarbeidar eller barne og ungdomsarbeidar er også velkomne til å søke. 
  • Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming, autisme og utfordrande åtferd vil vere ein fordel. 
  • Kompetanse innanfor spesialpedagogikk. 
  • Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar. 
  • Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.  

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som tek initiativ, har eit heilskapleg og positivt elevsyn, er roleg i krevjande situasjonar og trivst med teamarbeid.

Me tilbyr

  • Ein spennande jobb i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

27.03.2025

Tiltreding:

28.07.2025

Arbeidsstad:

Sogndal

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: