Sogndal kommune Veg og grøntanlegg

Har du gartnarbakgrunn og trivst med å jobbe ute?

Sogndal kommune ser no etter ein anleggsgartnar som vil vera med på å gjera uteområda våre vakre, trygge og funksjonelle – til glede for både små og store sogningar. Likar du å sjå resultat av jobben du gjer? Har du sans for kvalitet og trivst med fysisk arbeid i frisk luft? Då kan dette vera jobben for deg.

Arbeidsoppgåver

Som anleggsgartnar hjå oss får du ein variert og meiningsfull kvardag med oppgåver som:

  • Ha oversikt over kommunen sine grøntareal, og drifte desse
  • Iverksetje og administrere naudsynte oppgraderingar av grøntanlegg
  • Organisere sesongarbeidarar og følgje dei opp
  • Anna arbeid innan veg- og grøntavdelinga kan bli aktuelt – spesielt utanom vekstsesongen og om vinteren

 

Dette er ei stilling der du verkeleg får brukt både fagkunnskapen og organiseringsevna di – og der du ser resultat av arbeidet kvar einaste dag.

 

Heile kommunen som arbeidsområde

Du vil ha tilsyn, kontroll, drift og vedlikehald av grøntanlegg i heile kommunen, og må regne med å farte litt rundt. Reising skjer i utgangspunktet i arbeidstida, og du vil ha tilgang på kommunal bil.

 

Kven er du?

Me ser etter deg som:

  • Har gartnarutdanning eller fagbrev som anleggsgartnar, eller relevant erfaring
  • Har førarkort klasse B (BE er ein fordel)
  • Har maskinførarbevis (M2) eller er villig til å ta det
  • Er sjølvstendig, strukturert og god til å samarbeida
  • Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

 

Kva får du hos oss?

  • Ein jobb der du verkeleg får bruka fagkunnskap og praktiske evner
  • Varierte dagar ute i frisk luft – i ein kommune med mykje natur og stor spennvidde i oppgåvene
  • Gode kollegaer og eit arbeidsmiljø der du har stor påverknad på eigen arbeidskvardag
  • Løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

 

Arbeidsstad

Driftsavdelinga i Sogndal kommune – du vil arbeida rundt i heile kommunen, men ha base og oppmøtestad i Sogndal.

 

Mangfald og tilrettelegging

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. 


Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

 

Klar for å bli med og setja ditt preg på Sogndal?

Send inn søknad og CV via søknadsportalen vår. Me ser fram til å høyra frå deg!


 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

07.04.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Adresse:

Parkvegen 6856 Sogndal

Kart: