Sogndal kommune Sogndal kulturhus

Kulturhusmedarbeider

Sogndal Kulturhus søkjer etter dedikerte og engasjerte kulturhusmedarbeidarar til fast turnusarbeid. 

Om stillinga 

- Stillingstype: Fast turnusarbeid 
- Stillingsprosent: 23–27% 
- Oppstart: August 2025 
 

Som kulturhusmedarbeidar kan du få varierte arbeidsoppgåver som: 

- Kinomaskinist: Ansvar for visning av filmar. 
- Kioskvakt: Sal av snacks, drikke og billettar. 
- Kulturhusvert: Mottak og service for artistar og publikum. 
- Bartender: Servering ved arrangement for dei over 18 år. (Berre aktuelt for tilsette over 18 år)
 

Alle kulturhusmedarbeidarane hjelper kvarandre med daglege oppgåver som kundeservice, reinhald, opprydding og anna praktisk arbeid. 

Me ønskjer søkjarar frå 16 år og oppover. Arbeidsoppgåvene blir tilpassa alder og erfaring. Merk at oppgåver i baren berre kan utførast av tilsette over 18 år. 

 

Kven er du? 

Må-krav 


- Interesse for kunst, kultur, film og kreativ næring. 
- Serviceinnstilt. 
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. 
 

Ønskte kvalifikasjonar 

- Kjennskap til bruk av sosiale media. 
- Kjennskap til lyd- og lysteknikk. 
- Erfaring med sal og kundebehandling. 
 

Personlege eigenskapar 

- Open og nysgjerrig. 
- Gode samarbeidsevner. 
- Initiativrik og sjølvstendig. 
- God gjennomføringsevne. 
- God formuleringsevne, både munnleg og skriftleg. 
 

Me tilbyr 

  • Ein spennande og variert arbeidsplass i eit kreativt og inspirerande miljø. 
  • Moglegheita til å bidra aktivt i kulturlivet i Sogndal. 
  • Me ser etter deg som vil vere med å skape gode kulturopplevingar for alle! 
  • Mangfald og inkludering 

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette speglar befolkninga elles. Alle kvalifiserte kandidatar vert oppmoda til å søkje – uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette for tilpassa arbeidsforhold ved behov. 
 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med ei prøvetid på 6 månader. 
 
I tråd med offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjarar verte offentleggjort sjølv om du har bede om å bli unnateke frå søkjarlista. Dersom det skjer, vil du bli varsla før offentleggjering. 
 

Slik søkjer du 

Send inn søknaden din via vårt rekrutteringssystem EasyCruit innan søknadsfristen. 

Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

18.05.2025

Tiltreding:

August 2025

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hovevegen 2 6856 Sogndal

Kart: