Sogndal kommune Frivilligsentral

Dagleg leiar

Vil du vere pådrivar for frivillig engasjement i Balestrand? Vil du skape gode møteplassar for ungdom i bygda? 

Me søkjer ein engasjert og initiativrik dagleg leiar som vil skape aktivitet, fellesskap og samarbeid – med særleg fokus på ungdom i bygda. Frivilligsentralen held til i dei snart nyrenoverte lokala på Holmatunet, som skal bli ein levande møteplass der frivilligsentral, bibliotek og innbyggjartorg samlast under eitt tak. 

Som dagleg leiar vert du ein nøkkelperson i å knyte saman frivillig sektor, kommunen og lokalsamfunnet. Du vil få hovudansvar for ungdomsklubben og skal gjere Holmatunet til ein stad med liv og aktivitet, heile dagen. Du vil samarbeide tett med ein kollega på huset, dei andre frivilligsentralane i kommunen og delta i kommunen sitt tverrfaglege team for frivillig arbeid. 

Dine oppgåver 

  • Ansvar for dagleg drift av frivilligsentralen 

  • Skape engasjement for frivillig arbeid  

  • Utvikle Holmatunet som sosial møteplass 

  • Drifte eit ungdomsklubbtilbod i Balestrand  

  • Bidra inn i ungdomsavdelinga sitt arbeid, mellom anna UKM 

  • Samarbeide med frivillige organisasjonar om utviklinga av lokalsamfunnet 

  • Søknads- og rapporteringsarbeid 

  • Vidareutvikle og drifte utstyrssentralen 

  • Vere bindeledd og samarbeide med andre kommunale tenester 

  • Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast 

Me ser etter deg som er/har 

  • Engasjert i frivillig arbeid og lokalsamfunn 

  • Oppteken av innbyggjarane sine behov 

  • Ansvar for drift av ungdomsklubben  

  • Gode samarbeidsevner og evne til å motivere andre 

  • Strukturert, sjølvstendig, fleksibel, nysgjerrig og kreativ 

  • Kjennskap til frivillig organisasjonsliv 

  • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, ved relevant erfaring kan krav om utdanning fråvikast 

Me tilbyr 

  • Ein variert og meiningsfull jobb i eit godt arbeidsmiljø 

  • Moglegheit til å forme framtida for frivilligsentralen, ungdomsklubben og Holmatunet 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Søknadsfrist:

25.05.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Balestrand

Kontaktpersonar:

Adresse:

Riverdalen 5 6863 Leikanger

Kart: