Sogndal kommune Psykisk helse og rus

Miljøterapeut/miljøarbeidar psykisk helse og rus avd. Plassen

Psykisk helse- og rustenesta avdeling Plassen har ledige stillingar:

Me har ledig:

  • 64% stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar i turnus med langvakter
  • 30% helgestilling som miljøterapeut/miljøarbeidar i turnus med langvakter
  • 23% helgestilling som miljøterapeut/miljøarbeidar i turnus med nattevakter

Stillingane medfører arbeid kvar 4.helg.

 

Avdeling Plassen er forsterka bustader for personar med utfordringar innan rus og psykisk helse. Avdelinga ligg i Sogndal, har 7 bueiningar, samt fellesareal. Plassen er døgnbemanna og har turnus med langvakter (13 timar), samt døgnvakter og vakande nattevakter.

Grunna samansetninga av personalgruppa ynskjer me søknader frå kvalifiserte menn.

 

Arbeidsoppgåver og ansvar:

  •  Målretta miljøterapeutisk arbeid
  •  Praktisk hjelp til bebuarane i det daglege
  •  Tilsyn med bebuarar på dag og natt
  •  Medikamenthandtering
  •  Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
  •  Samarbeid med andre viktige aktørar i brukar sitt liv
  •  Aktiv deltaking i utforming av nye tiltak og oppfølging av desse

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som vernepleiar eller sosionom, for tilsetting som miljøterapeut
  • Relevant fagbrev for tilsetting som miljøarbeidar
  • Anna utdanning kan vurderast særskilt
  • Førarkort klasse B er eit krav
  • Gode norskkunnskapar
  • Politiattest av nyare dato ved tilsetting
  • Erfaring frå liknande arbeid

 

Personlege eigenskapar:

  •  Evne til å arbeide målretta, strukturert, fleksibelt og sjølvstendig
  •  Evne til å skape relasjonar der dette er vanskeleg
  •  Evne til å takle ulike situasjonar og hendingar
  •  Gode samarbeidsevner og evne til å både gje og ta imot rettleiing
  •  Positiv og støttande kollega
  •  Fagleg interesse og engasjement

Personlege eigenskapar vil i stor grad bli vektlagt

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til rammer og kontinuitet. Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukarar, og kollegaer internt og eksternt.

 Som tilsett vert det forventa at du har evne til å setje deg inn i, og handle ut ifrå, brukar sine samansette behov og at du bidreg til trivsel og godt miljø.

 

 Me tilbyr:

  •  Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
  •  Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
  •  Eit godt arbeidsmiljø
  •  Gode pensjons- og forsikringsordningar
  •  Gode velferdsordningar
  •  Lønn etter tariffavtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

01.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Riverdalen 5 6863 Leikanger

Kart: