Sogndal kommune Reinhald

Reinhaldar

Sogndal kommune har ledig følgjande stillingar innan reinhald:

1x 100% fast 

1x  50% fast 

1x  50% vikariat til 31. desember 2025 

 

Spesifiser i sjølve søknaden kva stilling du søkjer på.  

Oppmøtestad er Sogndal. 

 

Arbeidsoppgåver: 

  • Utføra ordinært reinhald i kommunale bygg.

  • Utføring av periodisk og årleg reinhald.

  • Bruk av robotar, maskiner og utstyr. 

  • Sørge for trygge og reine omgjevnader for tilsette og brukarar. 

  • Bidra til å utvikla reinhaldstenesta. 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Fagbrev som reinhaldsoperatør/reinhaldsfaget, men andre kan også søkja. 

  • God kunnskap i norsk både skrifteleg og munnleg. 

  • Det er ønskjeleg at du har førarkort klasse B. 

 

Personlege eigenskapar: 

  • Kan arbeide sjølvstendig, men også i samarbeid med andre. 

  • Er allsidig, fleksibel, serviceinnstilt og kan bidra til eit godt arbeidsmiljø. 

  • Er grundig og effektiv. 

  • Kan bruka digitale verktøy i arbeidet.

  • Har evne til å tileigna seg ny kunnskap. 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spennande jobb under stadig utvikling i eit godt arbeidsmiljø 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar  

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

17.08.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skrivarvegen 7 6856 Sogndal

Kart: