Sogndal kommune Kaupanger skule

Vikariat som pedagog

Kaupanger skule er ein 1. -10. skule med 231 elevar og 36 tilsette. «Skulen i skogen» ligg på Kaupanger om lag 10 km frå Sogndal sentrum. Bygda Kaupanger er ei bygd i vekst, med aukande folketal, eit allsidig næringsliv og ikkje minst ei bygd med særs store moglegheiter til mange ulike idretts- og friluftsaktivitetar.  Skulen er prega av eit godt og inkluderande skulemiljø med positive elevar, føresette og tilsette.

 

Kaupanger skule har ledig fylgjande stillingar:

Inntil 2 x 100% vikarstilling som pedagog for kalenderåret 2026.

 

Om stillingane:

Ei av stillingane vil i hovudsak vere knytt til mellomtrinnet, medan den andre vil i hovudsak vere knytt til ungdomstrinnet. Dei to stillingane kan delast opp i mindre stillingsprosentar om naudsynt.

Det er store moglegheiter for forlenging av engasjementet.

 

Arbeidsoppgåver:

Som lærar på Kaupanger skule har du ein variert arbeidskvardag, som mellom anna inneber:

  • Planlegge og leie elevane si læring -individuelt og i team.
  • Medverke i skulen sitt profesjonsfellesskap.
  • Sette skulen og kommunen sitt utviklingsarbeid ut i praksis.
  • Arbeide for eit trygt og godt læringsmiljø og sikre eit godt samarbeid heim/skule

 

Kvalifikasjonar:

  • Det er krav om godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen.
  • Me ønskjer undervisingskompetanse i eitt eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk, og har me særleg behov for deg som har undervisingskompetanse i nokre av desse faga: naturfag, spes.ped,
  • I tillegg til relevant fagkombinasjon vil personlege eigenskapar vektleggast.

 

Personlege eigenskapar:

Som lærar på Kaupanger skule ser me etter deg som har:

  • god kjennskap til læreplanverket og er ein pådrivar for utvikling

av undervising og vurderingsarbeid i tråd med LK20 og ny opplæringslov.

  • evne til å skape gode relasjonar til elevar, foreldre og kollegaer. 
  • høgt profesjonsmedvit.
  • evne til samskaping og til å ta initiativ i profesjonsfellesskapet.
  • evne til å arbeide sjølvstendig og til å ta gode faglege avgjersler.
  • evne til å samarbeide med lærarar, miljørettleiarar, leiing og andre instansar til det beste for eleven.

 

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordningar.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidstilhøva dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

09.11.2025

Tiltreding:

01.01.2026

Arbeidsstad:

Kaupanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Brekkeflaten 2 6854 Kaupanger

Kart: