Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta Balestrand

Miljøterapeut - Bu- og miljø Balestrand

Bu- og miljøtenesta i Sogndal kommune yt tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Pasient- og brukargrupper er personar med funksjonsnedsetting som skuldast medfødde eller erverva tilstandar. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod. 

Sogndal kommune har ledig faste stillingar som miljøterapeut i Bu- og miljøtenesta i Balestrand. Stillingane er ledig frå snarast. Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire faste stillingar/vikariat i utlysingsperiode som og kan bli handsama med same søkjargruppe. 

Ledige faste stillingar.  

100% fast  

82 %  fast  

21 %  fast  

Turnus går over 6 veker, med arbeid kvar 3 helg, og innehar langvakt og todelt turnus. Det er mogelegheit å overnatte i Balestrand. 

 

Sentrale ansvarsområde: 

  • Målretta miljøarbeid 
  • Journalføring 
  • Bistand til daglege gjeremål 
  • Ivareta tenestemottakar si sjølvstendigheit og utvikling 
  • Motivere til aktivitet, trening og sosialisering 
  • Bidra til god livskvalitet, gode relasjonar og eit godt arbeidsmiljø 
  • Primærkontakt- og koordinatoroppgåver kan bli delegert frå leiar 
  • Andre oppgåver ved behov 

 

Kvalifikasjonar: 

  • 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule og/eller universitetsnivå 
  • Erfaring i liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning 
  • Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming 
  • Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring 
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg 
  • Førarkort klasse B, manuell gir 

Personlege eigenskapar: 

  • Omsorgsfull 
  • Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørande 
  • God lagspelar 
  • Trygg på deg sjølv og eiga rolle 
  • Løysingsorientert og fleksibel 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

 

Spesielle vilkår for stillinga: 

Den som vert tilsett må leggje fram: 

  • Tuberkolose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato 
  • Politiattest av ny dato 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Løn etter tariff 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.  

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

09.11.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Balestrand

Kontaktpersonar:

Adresse:

Riverdalen 5 6863 Leikanger

Kart: