Sogndal kommune Leikanger sjukeheim og heimeteneste

Helgestillingar - Leikanger sjukeheim

Leikanger sjukeheim har behov for fast personale på helg, og ynskjer å tilsetje deg som er ute etter ein deltidsjobb. Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og interessert i å jobbe med menneske.

Om stillingane:

5 x 13% faste stillingar på helg.

Stillingane er på helg, med arbeid kvar 3. veke. Om ein ynskjer det kan ein få lange vakter med 4. kvar helg, som vil tilsvare 19% stilling. Stillingane er ledige frå d.d.

Leikanger sjukeheim har 4 små einingar med inntil 8 pasientar på kvar eining. Heimetenesta ligg i tilknyting til sjukeheimen, samane med legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon. Sjukeheimen har eige kjøken med gode kokkar som lagar heimelaga mat, og ligg vakkert til på Leikanger med utsyn mot Sognefjorden. Sjukeheimen har fagsutviklingssjukepleiar som jobbar målretta og kontinuerleg med fagutvikling, internundervsining og prosedyrar. Me har stor bredde i arbeidsoppgåvene og i bebuargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg.

 Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar på sjukeheim
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
  • Oppfølging av ernæring
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut frå retningslinjer
  • Være medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Assistentar, elevar/studentar innan helsefag
  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar, vernepleiar, sjukepleiar med norsk autorisasjon
  • Erfaring frå eldreomsorg vil verte vektlagt
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg
  • Datakunnskap
  • Må vere over 18 år eller fylle 18 år det året du begynner

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt.
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Stønadsordningar for studentar på sjukepleie, vernepleie og elevar på helsefag.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Løn etter tariff

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

23.11.2025

Tiltreding:

Snarast

Arbeidsstad:

Leikanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger

Kart: