Sogndal kommune Kvåle skule

Miljøterapeut/fagarbeidar i tiltak

Kvåle skule er ein 6-10 skule, liggande ved Kvåle stadion tett ved Fosshaugane Campus. Med sine nærare 380 elevar og eit personale på kring 70 tilsette er Kvåle skule ein av dei største skulane i Sogn.  

Som miljørettleiar i tiltak bidreg du til å gjere skulekvardagen så god som mogleg for eleven. Tiltaket er ikkje knytt til ordinær klasseromundervisning, og du føl einskildelev i ein eigen base utanfor ordinært klasserom med 2:1 bemanning. 

Du samarbeider jamleg med andre tilsette i tiltaket og føresette for å kunne leggje best mogeleg til rette for ein god meiningsfull kvardag for eleven. Om du tenkjer at du kan vera med å gjera ein forskjell for einskildelevar, så er dette jobben for deg.   

 

Det vil bli ledig fylgjande stillingar knytt til tiltak i eigen base: 

  • 1x 20% vikariat ut skuleåret 25/26, med moglegheit for forlenging neste skuleår 
  • 1 x inntil 50% vikariat ut skuleåret 25/26, med moglegheit for forlenging neste skuleår 
  • 1 x inntil 50% fast stilling 
  • 1 x 86% fast stilling 
 

 
Stillingane er ledige frå snarast. 
 
Arbeidsgjevar tek atterhald om at det kan kome fleire stillingar/vikariat i utlysingsperioden som òg kan bli handsama med same søkjargruppe.   

 

Arbeidsoppgåver: 

Desse stillingane er knytt opp til eit einskildtiltak på skulen, og du vil arbeide i eit mindre team med rulleringsordning.  
Arbeidsoppgåvene vil variere etter behovet i tiltaket, og blir utarbeidd i tett dialog med foreldre, dei andre tilsette i teamet og med rettleiing frå eksterne.   
Du skal mellom anna: 

  • Skape meiningsfylte dagar for einskildelevar ved skulen. 

  • Tilretteleggje for deltaking i daglege aktivitetar 

  • Handtere utfordrande åtferd på ein profesjonell og omsorgsfull måte 

  • Samarbeide med og utføre miljøterapeutiske tiltak saman med øvrig personale 

  • Rettleie og støtte eleven i sosiale ferdigheiter og ADL ferdigheiter 

  • Utarbeide og følgje opp individuelle planar 

  • Bidra til eit godt skule og arbeidsmiljø  

  • Syte føre at det skjer god samhandling med PP- tenesta, andre samarbeidspartar og delta i samarbeidsmøte knytt til eleven     

  • Arbeide for eit godt skule- heim samarbeid til eleven sitt beste   

  • Gi eleven sosial trening og eigenmeistring 

  • Arbeid i skuleferiar må påreknast 

 
 

Kvalifikasjonar: 

  • Me søkjer primært etter personar med høgskuleutdanning som gjev tittelen miljørettleiar/miljøterapeut, høvesvis vernepleiar eller anna helsepersonell, men høgskuleutdanning er ikkje eit krav. 

Personar med fagbrev som helsefagarbeidar, barne og ungdomsarbeidar eller studentar på helse og sosialfaglege utdanningar er også velkomne til å søke. 

  • Erfaring frå arbeid med psykisk utviklingshemming, autisme og utfordrande åtferd vil vere ein fordel.  

  • Relevant erfaring kan vege opp for manglande kompetanse/utdanning.  

  • Me har ønskje om å ha personale med ulik bakgrunn og kompetanse som har erfaring rundt elevtiltak knytt til sosiale vanskar, utfordrande åtferd og andre relevante problemstillingar.  

  • Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing.  

Personlege eigenskapar: 

  • Personlege eigenskapar og relevant arbeidserfaring vil bli vektlagt.  
    Me ser etter personar som tek initiativ, har eit heilskapleg og positivt elevsyn, er roleg i møte med krevjande utfordringar og utagerande åtferd. 
    Ein må evne å arbeide i eit mindre team.  

 

Me tilbyr: 

Som miljørettleiar på Kvåle skule kan du vente deg:   

  • ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø 

  • gode velferdsordningar 

  • løn etter gjeldande avtaleverk 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn.  

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.02.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: