Sogndal kommune, bu- og miljøtenesta

Ferievikarar bu-og miljøtenesta, sone Balestrand

Ynskjer du ein sommarjobb som gir deg både erfaring og gode minner? Då vil me gjerne høyre frå deg!

Bu- og miljøtenesta søkjer ferievikarar for sommaren 2026. Arbeidsperiode: Veke 26-33. Arbeidsform: Turnus med langvakter og arbeidshelg.

Me er ei stor personalgruppe som ønskjer å yte gode og forsvarlege tenester til våre brukarar. Me yt teneste til brukarar i alle aldrar og med ulikt funksjonsnivå. Vil du ha ein lærerik og givande sommar bør du søkje hjå oss! 

Tenestemottakar har dei eigen bil som kan nyttast ved gjennomføring av aktivitetar saman med dei.

 Arbeidsoppgåver: 

  • Yte nødvendig og forsvarlig helsehjelp.
  • Rettleie i dagleglivets gjeremål som for eksempel matlaging, stell og aktivitetar.

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt.

 Kvalifikasjonar:

  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
  • Vere fylt 18 år, søkjarar under kan bli vurdert til andre oppgåver
  • Førarkort Klasse B/manuelt gir
  • Ynskjeleg at søkjaren har erfaring med mennesker med nedsatt funksjonsevne.

 Me oppmodar verne- og sjukepleiar studentar til å søkje.

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner for å nå felles mål
  • Reflektert, løysingsorientert, fleksibel og tålmodig.
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Evne til å skape tillit mellom seg og tenestemottakarane

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Overnatting i bu einingane.

Den som vert tilsett må leggje fram tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato, og politiattest av ny dato.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Sesong

Søknadsfrist:

08.03.2026

Arbeidsstad:

Balestrand

Kontaktpersonar:

Lise-Lotte Jørgensen

Stilling: Avdelingsleiar

mob: +47 47450203

Adresse:

Kart: