Lærarvikariat ved Leikanger barneskule
(100 prosent stilling i eitt år, med høve til forlenging)
Ein skule med naturen tett på
Leikanger barneskule er ein 1.–7.-skule med 206 elevar fordelte på 11 klassar, mellom anna ein mottaksklasse. Me har asylmottak i bygda, noko som pregar skulekvardagen vår på ein fagleg og menneskeleg måte. På SFO, Bjørnehiet, har me 104 barn. Totalt er me 34 tilsette i skule og SFO.
Skulen ligg vakkert til ved utløpet av Henjadalen, og naturen rundt oss vert brukt aktivt både i skuletida og i skulefritidsordninga. Me held til i to skulebygg, eitt frå tidleg 80-tal og eitt frå 90-talet.
I det pedagogiske arbeidet har me særleg merksemd på klasseleiing, BTI (betre tverrfagleg innsats), utviklingsprosjektet leseglede og målretta bruk av IKT.
Stillinga: Me søkjer lærar i 100 prosent vikariat for eitt år, med høve til forlenging. Det kan òg bli aktuelt med andre stillingar som vert ledige.
Kvardagen i jobben
Som lærar ved Leikanger barneskule vil du vere tett på elevane og del av eit profesjonsfellesskap der samarbeid står sterkt.
Arbeidsoppgåvene omfattar:
- Kontaktlæraransvar
- Undervisning
- Planlegging, gjennomføring og evaluering av læringsarbeid i samarbeid med kollegaer
- Systematisk arbeid med grunnleggande ferdigheiter, tverrfagleg arbeid og elevane sitt læringsmiljø
- Systematisk oppfølging av elevane si læring og utvikling
- Tett og godt samarbeid mellom skule og heim
- Aktiv deltaking i det pedagogiske utviklingsarbeidet ved skulen
Ved Leikanger barneskule får du:
- Ein fagleg interessant kvardag i eit trygt og triveleg arbeidsmiljø
- Dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter avtaleverket
Kven me ser etter?
Me ønskjer oss tilsette som er trygge og tydelege leiarar for elevane, og som byggjer gode relasjonar til både elevar, føresette og kollegaer. Du må ha evne til å sjå den enkelte eleven i gruppefellesskapet og trivast med undervisning både inne og ute.
Kvalifikasjonar
- Godkjend undervisningskompetanse for tilsetjing som lærar i grunnskulen
- Ønskje om gode digitale dugleikar
- Undervisingskompetanse i eitt eller fleire av basisfaga norsk, matematikk og engelsk
I tillegg har me særleg behov for deg som har kompetanse og erfaring med elevar innan autismespekteret eller elevar som treng særleg tilrettelegging.
Politiattest er ein føresetnad for tilsetjing. Personlege eigenskapar vert vektlagde i tillegg til fagkompetanse.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde i tråd med offentleglova § 25, andre ledd, sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført på offentleg søkarliste. Dersom du har bedt om unntak, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
28.02.2026
Arbeidsstad:
Leikanger barneskule
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://www.leikanger-barneskule.no/Adresse:
Holevegen 15- 18 6863 Leikanger