Heimehjelp i heimetenesta i Sogndal
Dette er jobben for deg som trivst i møte med menneske, likar å arbeide sjølvstendig og vil ha ein arbeidsdag der du ser at det du gjer har verdi.
Me søkjer no etter heimehjelp i heimetenesta:
100 % fast stilling
50 % fast stilling
Dagstilling
Om rolla
Som heimehjelp gir du praktisk bistand til personar som bur heime og treng støtte for å meistre kvardagen. Du bidreg til tryggleik, struktur og gode rutinar. Samstundes er du ein del av eit større lag i heimetenesta, der me samarbeider tett med heimesjukepleie og andre faggrupper.
Du arbeider mykje sjølvstendig, men du står aldri åleine. Me har fokus på fagleg kvalitet, respektfulle møte og ein føreseieleg kvardag for både brukarar og tilsette.
Arbeidsoppgåver
Praktisk bistand i heimen, som reinhald, klesvask og enkle matrelaterte oppgåver
Observasjon og formidling av endringar i brukaren sin situasjon
Bidra til struktur og meistring i kvardagen
Samarbeid med kollegaer og eventuelt pårørande
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som: har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Arbeider strukturert, sjølvstendig og tek ansvar. Møter ulike menneske med respekt og medmenneskelegheit, og har førarkort klasse B.
Du treng ikkje formell utdanning for å søkje. Har du erfaring frå arbeid med menneske, er det positivt, men det viktigaste er kven du er i møte med andre. Personlege eigenskapar vert vektlagde. Me ser etter deg som er til å stole på, held avtalar og ønskjer å gjere ein forskjell i det stille, i det daglege.
Me tilbyr
Grundig opplæring og støtte i arbeidet, sjøvsagt. Du får varierte arbeidsdagar og vert ein del av eit fagmiljø der me samarbeider tett.
Løn etter gjeldande tariff, samt gode pensjons- og forsikringsordningar.
Søknad skal sendast via EasyCruit. Berre søknadar som kjem inn gjennom søknadssystemet vert vurderte.
Litt om oss
Sogndal kommune har om lag 12 000 innbyggjarar og kring 1300 medarbeidarar. Me er ein kunnskapsbasert og framtidsretta kommune som arbeider for gode tenester og levande lokalsamfunn. Hos oss får du vere med og bidra der folk bur og lever liva sine.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
22.03.2026
Arbeidsstad:
Sogndal
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Plassen 2 6856 Sogndal