Sogndal kommune

Helsefagarbeidar, Prestahagen

Vil du vere med å gjere kvardagen betre for andre, kvar einaste dag? 
Er du ein engasjert helsefagarbeidar som brenn for menneske og god omsorg? Då er det kanskje akkurat deg vi ser etter!

Vi søkjer ein motivasjonsrik og omsorgsfull helsefagarbeidar som vil vere med og gjere ein verkeleg forskjell i livet til våre bebuarar. Hos oss blir du ein viktig del av eit trygt, triveleg og fagleg sterkt team i ei døgnbemanna omsorgsbustad i vakre Sogndal.

Her får du:

  • Moglegheita til å skape gode dagar for andre
  • Varierte arbeidsoppgåver og tett samarbeid med dyktige kollegaer
  • Ein meiningsfull kvardag – der innsatsen din verkeleg betyr noko

Er du klar for nye utfordringar og eit arbeidsmiljø prega av varme, samarbeid og fagleg utvikling? Søk no, vi gler oss til å høyre frå deg! 

Sogndal er kjent for storslått natur og ligg idyllisk til ved Sognefjorden i Vestland. Kommunen byr på mange moglegheiter for fysisk aktivitet, enten du likar fotturar i fjellet, klatring, sykling langs vakre fjordar, eller skisport om vinteren. Her finnes noko for alle – frå flotte turområde til moderne idrettsanlegg. I tillegg har me eit aktivt sosialt miljø med mange fasilitetar og tiltak som fremmer fellesskap og trivsel.

Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig ein 100 % fast stilling som helsefagarbeidar. Me har årsturnus med individuelle tilpassingar og moglegheit for langvakter 4. kvar helg og etter eige ynskje i vekedag. 

Prestahagen er ein døgnbemanna omsorgsbustad med 32 einingar fordelt på 4 avdelingar for personar med kognitiv svikt og alderspsykiatri. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen. 

Arbeidsoppgåver:

  • Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarane
  • Rettleia og følgje opp elevar, lærlingar og andre
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
  • Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut ifrå retningslinjer
  • Medansvar for eit godt lærings- og arbeidsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon
  • Kjennskap til dokumentasjonsprogrammet Gerica er ein fordel
  • Ønskjeleg med relevant erfaring innan demens, geriatri/psykiatri
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert og positiv
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø

 Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

29.03.2026

Arbeidsstad:

Prestahagen

Kontaktpersonar:

Adresse:

Plassen 2 6856 Sogndal

Kart: