Ferievikar 2026, Leikanger heimeteneste
Heimetenesta ligg i tilknyting til sjukeheimen på Leikanger, samane med legekontor, fysio./ergoterapitenesta og helsestasjon. Me har stor bredde i arbeidsoppgåvene og i brukargruppa, og me leverer alt frå rehabilitering til palliativ omsorg.
Om stillinga
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte ferievikarar for sommaren 2025 til heimetenesta på Leikanger.
Arbeidsperioden vil vere i tida 15.06.2026 - 16.08.2026 med moglegheit for tilkallingsvikar utover hausten. Opplys i søknaden perioden du kan jobbe. Søkjarar som kan jobbe heile perioden vil bli prioritert.
Studentar og elevar innanfor helserelaterte fag vert oppmoda om å søkje.
Arbeidsoppgåver:
- Helsehjelp til brukarar i heimetenesta og omsorgsbustad
- Oppfølging av ernæring
Kvalifikasjonar:
- Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
- Må vere fylt 18 år og ha førarkort.
Personlege eigenskapar:
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samarbeide med andre.
- Oppteken av å yte god service og like utfordringar i ein travel kvardag.
- Imøtekommande
Spesielle vilkår for stillinga:
Dei som vert tilsett må leggje fram: Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. tuberkulinattest av ny dato, samt politiattest av ny dato.
Me tilbyr:
- Ein variert og god arbeidsplass der god service er ein sjølvfølgje.
- Løn etter tariff jf. HTA.
- Tilrettelagt turnus med moglegheit for langvakter.
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. Tilsetting blir gjort fortløpande.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Søknadsfrist:
03.05.2026
Arbeidsstad:
Leikanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger