Sjukepleiar
Me ynskjer fleire dyktige sjukepleiarar til heimetenesta på Leikanger.
No er det ledig stilling, og vi håpar du vil bli vår nye kollega.
Som sjukepleiar i heimetenesta vert du del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me har stor bredde i oppgåvene og i bebuar og brukargruppa, og me leverer alt frå kvardagsrehabilitering til palliativ omsorg. Arbeidskvardagen vår er allsidig og spanande.
Det er eit godt tverrfagleg samarbeid i tenestene våre, god dialog, gode teknologiske løysingar og fokus på meistring og tryggleik til brukarane våre. Me legg til rette for at flest mogleg kan bu lengst mogleg i eigen heim. Hjå oss får du arbeida både sjølvstendig og i team, saman med dyktige kollegaer.
Leikanger heimeteneste har ledig følgjande stilling som sjukepleiar:
- 100% fast stilling i turnus ledig frå 01.08.26
For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for 4. kvar med langvakter.
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver i heimetenesta
- Rapportering/tiltak/prosedyrar i Gerica, IPLOS, ADL
- Utføre direkte og heilskapleg pleie og omsorg til brukarar heime.
- Rettleie og følgje opp studentar/lærlingar og kollegaer og bidra til fagleg utvikling i avdelingane.
- Vurdere behov og planlegge pleie i samarbeid med brukar, pårørande, tilsynslege/fastelege, kollegaer og leiing.
- Bidra til god informasjonsflyt i avdelinga
- Observere, dokumentere og iverksette nødvendige tiltak i tråd med avdelinga sine føringar.
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet
- Ivareta godt pårørandesamarbeid
- Legemiddelhandtering og administrering
Sentrale ansvarsområde:
- Pasientflyt
- Pasientjournalsystem
- Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
- Medikamenthandtering
- Tverrfagleg samarbeid
- Velferdsteknologi
Kvalifikasjonar:
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
- Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan velferdsteknologi, demens, psykiatri eller geriatri.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Er løysingsorientert og positiv
- Er fagleg sterkt og er trygg i rolla som sjukepleiar
- Klarar å arbeide systematisk og sjølvstendig
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Taklar ein uforutsett arbeidskvardag
- Er ansvarsfull og serviceinnstilt
- Er open, inkluderande og interessert i å bidra positivt i arbeidsmiljøet
- Er endringsvillig, fleksibel og interessert i å bidra positivt inn i endringsprosesser.
Personlege eigenskapar vil verte vektlagde.
Me tilbyr:
- Aktivt og spanande arbeidsmiljø, varierande dagar og faglege utfordringar.
- Moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
- Lønn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Godt fagleg miljø
- Tilrettelagt turnus med 3. kvar helg og moglegheit for langvakter.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar skjer med seks månaders prøvetid. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort, sjølv om du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste. Du vil alltid bli varsla før eventuell offentleggjering.
Alle søknadar må sendast inn via EasyCruit og innan søknadsfristen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
17.05.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Leikanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Ohnstadhaugen 15 6863 Leikanger