Kommunalsjef helse og omsorg
Sogndal kommune er i vekst, og me søker kommunalsjef for helse og omsorg som vil vere med og utvikle framtidas tenester. Sektoren omfattar per i dag institusjon, heimeteneste, tildelingskontor, psykisk helse og rus, bu- og miljøteneste, fysio-/ergoterapi/friskliv og legeteneste. Det vert vurdert om Nav og flyktningtenesta også skal høyre til dette kommunalsjefområde.
I denne rolla får du ei sentral rolle i å leie og vidareutvikle eit breitt spekter av tenester i ein kommune i utvikling. Som kommunalsjef vil du òg vere ein del av kommunedirektøren si leiargruppe. Me ønskjer ein tydeleg og tillitsbyggjande leiar som skaper godt samarbeid på tvers av fag og sektorar.
Verdiane våre – samskapande, open, god og nysgjerrig – skal prege både leiinga di og utviklinga av tenestene. Ønskjer du å ha ei sentral rolle i å utvikle trygge, tilgjengelege og fagleg sterke helse- og omsorgstenester for innbyggjarane i Sogndal? Då håpar me å høyre frå deg!
Kommunalsjefen har overordna ansvar for leiing og utvikling av helse- og omsorgssektoren. Arbeidet omfattar:
fagleg, økonomisk og administrativ leiing av sektoren
leiing, styring, samordning og vidareutvikling av tenestene
å vere pådrivar for innovasjon, ny teknologi og framtidsretta arbeidsmåtar
ansvar for interkommunalt samarbeid innan sektoren
deltaking i utviklinga av kommunen som heilskap
å representere kommunedirektøren i politiske møte og utval
utgreiingar og andre oppgåver etter kommunedirektøren si vurdering
Me stiller krav om:
relevant høgare utdanning innanfor fagområdet, masternivå er ønskjeleg
relevant leiarerfaring, gjerne frå offentleg sektor.
dokumenterte resultat frå tidlegare leiarroller
Du må ha:
god kunnskap om og interesse for sektoren sine ansvarsområde
erfaring med strategisk planarbeid og utviklingsarbeid
erfaring frå kultur- og endringsleiing samt prosjektleiing
gode skriftlege og munnlege kommunikasjonsferdigheiter
høg relasjonskompetanse
Me ønskjer deg som:
evner å tenkje og arbeide heilskapleg, strategisk og langsiktig
er tydeleg, formidlar retning og skapar forankring
byggjer tillit og er ein god sparringpartnar
har god kunnskap om og erfaring med økonomi- og ressursstyring
har erfaring frå kommunal sektor
er eit førebilete i kultur- og haldningsarbeid
er utviklingsorientert og nysgjerrig
forstår rolla si i ein politisk styrt organisasjon
tek initiativ og arbeider målretta og sjølvstendig, samstundes som du er ein god lagspelar
Det vil bli lagt stor vekt på søkjaren sine personlege eigenskapar.
Me tilbyr:
Eit inspirerande og inkluderande arbeidsmiljø, med spennande oppgåver og gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
Stor påverknadskraft i ei rolle med mykje ansvar og høg grad av sjølvstende.
Gode moglegheiter for å bygge vidare på og utvikle eigen kompetanse.
Gode pensjons-, forsikrings- og velferdsordningar.
Løn etter avtale.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.04.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Balestrand - Leikanger - Sogndal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Riverdalen 5 6863 Leikanger