Sogndal kommune Sogn kulturskule

Distriksmusikar - hardingfele

Sogn kulturskule er ein interkommunal kulturskule for kommunane Luster og Sogndal. Sogndal er vertskommune, og kulturskulen sine medarbeidarar er tilsette der. Skulen driv desentralisert undervisning, og har fleire undervisningsstader i begge kommunane. Distriktsmusikargruppa har hovudbase i Sogndal.

Vår distriktsmusikar på hardingfele skal ha permisjon neste skuleår, og me søker difor etter vikar som distriktsmusikar på hardingfele. Vikariatet er frå 01.08.2026 – 31.07 2027 i 100% stilling. Stillinga har 50% utøving og 50% undervisning.

Undervisningsdelen består av instrumentalopplæring i kulturskulen, i tillegg til ev. seminarverksemd og instruksjon i grupper (lagspel, spelemannslag o.l.). Utøvardelen kan bestå av konsertverksemd td. i samarbeid med det frivillige musikkliv, andre distriktsmusikarar, andre musikarar lokalt og elles i fylket eller framsyningar for barn og unge i Den kulturelle skulesekken etter avtale med fylkeskommunen. Den som vert tilsett må også vera budd på å læra seg den lokale tradisjonen i Sogn.

Kvalifikasjonskrav

  • Me ønskjer ein dyktig musikar med minimum 4 års høgare utdanning på hovudinstrumentet og gjerne undervisningskompetanse på biinstrument og/eller folkedans.
  • Søkjarar med høg realkompetanse kan bli vurdert utan å stetta kravet om høgskuleutdanning.

Me ser etter deg som er engasjert og initiativrik, og kommunisera godt med både born og vaksne. Søkjaren bør ha god kjennskap til norsk tradisjonsmusikk generelt, i tillegg til vestnorsk folkemusikk. Søkjaren må disponera bil.

Aktuelle søkjarar må vera budd på å bli kalla inn inn til intervju og prøvespel.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 
 
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

15.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Hovevegen 2 6856 Sogndal

Kart: