Sogndal kommune Sogn barnevern

Vil du leie arbeidet med å byggje ei ny barnevernsteneste i Sogn?

Kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal har vedteke å etablere ei ny felles barnevernsteneste frå 1. januar 2027. No søkjer me ein leiar som både skal vere prosjektleiar i etableringsfasen og gå inn som barnevernsleiar når tenesta er på plass.

I startfasen leier du prosjektet med å etablere den interkommunale tenesta. Når tenesta er i drift, får du det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret som barnevernsleiar.

Dette er ei rolle for deg som har erfaring med omstillingsprosessar, arbeider godt med folk og som evnar å sjå både heilskap og detaljar.

Du får vere med å etablere ei teneste frå starten av i tett samarbeid med kommunane og fagmiljøa rundt barn, unge og familiar.

Målet er å byggje ei teneste som gir høg fagleg kvalitet, sterkare kompetansemiljø og likeverdige tilbod til barn og familiar i heile regionen.

 

Kvifor treng me deg?

Den nye barnevernstenesta skal nytte kompetanse frå seks kommunar. Saman skal me utvikle ei teneste som:

  • styrkjer fagmiljøet
  • sikrar gode og likeverdige tenester til barn og familiar
  • legg til rette for samhandling på tvers av tenester
  • gjer tenesta driftssikker og  berekraftig over tid

Dette arbeidet krev ein leiar som både har kunnskap om omstillingsprosessar, kan bygge struktur og samle folk rundt eit felles oppdrag.

 

Dette kjem du til å arbeide med

Som barnevernsleiar vil du ha det overordna faglege, administrative og personalmessige ansvaret for tenesta.

I etableringsfasen vil du også leie prosjektet med å byggje opp den nye tenesta.

Arbeidet vil mellom anna handle om å:

  • leie etableringa av den interkommunale barnevernstenesta
  • utvikle organisasjon, struktur og arbeidsformer
  • sikre fagleg kvalitet og forsvarleg praksis
  • leggje til rette for fagleg utvikling og læring i tenesta
  • ha ansvar for økonomi, ressursplanlegging og prioriteringar
  • samarbeide tett med leiing og andre tenester i kommunane ( m.a skular, barnehagar, helsestasjon, PPT og Nav)
  • bidra til godt tverrfagleg samarbeid kring barn og unge

 

Kva ser me etter hos deg?

Du har solid fagleg forståing for barnevernsarbeid og erfaring frå kommunal teneste. Samstundes har du motivasjon for å utvikle tenester og byggje gode fagmiljø.

 

Kvalifikasjonar

  • utdanning i tråd med barnevernslova § 15‑6
  • relevant sosialfagleg bakgrunn
  • leiarerfaring eller leiarutdanning
  • erfaring frå kommunal barnevernsteneste
  • god kjennskap til barnevernslova og relevant regelverk

 

Det er ein fordel om du også har

  • digital kompetanse og interesse for utvikling
  • erfaring med rettleiing
  • gode munnlege og skriftlege ferdigheiter
  • førarkort klasse B

 

Kva er viktig i denne rolla?

Me trur du vil trivast og lykkast i rolla dersom du:

  • evnar å samle folk rundt eit felles oppdrag
  • arbeider strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Ser heilskap og  samanhengen mellom ulike tenester for barn og unge
  • bygger gode relasjonar og samarbeid på tvers av fagmiljø
  • reflekterer over eigen praksis og utviklar deg som leiar

Dette er ei rolle der du må kunne skape retning og prioritere i ein samansett kvardag, samstundes som du tek vare på relasjonane rundt deg.

Litt om samarbeidet

Den nye barnevernstenesta blir eit samarbeid mellom kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Saman skal me byggje eit sterkare fagmiljø og ei stabil teneste for barn, unge og familiar i regionen.

Praktisk informasjon
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at dei tilsette speglar folkesetnaden elles. Me oppmodar alle kvalifiserte søkjarar til å søkje, uavhengig av alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsspråket i kommunane er nynorsk.

Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.

I tråd med offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjarar bli offentleggjorde, sjølv om du ber om unntak. Du blir varsla før eventuell offentleggjering.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

19.04.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Kenth Rune Teigen Måren

Stilling: kommunalsjef oppvekst

mob: +47 41530971

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: