Økonomikonsulent/rådgjevar
Me søker ein medarbeidarar med solid økonomikompetanse som vil vera med å styrke og utvikle kommunen vidare. Du treng ikkje å kunne kommunaløkonomi til fingerspissane, det vil dyktige og engasjerte medarbeidarar hjelpe deg å lære. Kommunen er inne i ei spennande tid, og for å sikre gode tenester over tid, må me ha orden i økonomien. I dette arbeidet vil du få ei sentral rolle og høve til å gjere ein reell forskjell.
Ledig fast stilling 100 %.
Stillinga vert ein del av team økonomi, som har ansvar for å planlegge, utvikle og følgje opp kommunen sin økonomi innanfor desse arbeidsområda:
- utarbeide årsbudsjett og økonomiplan
- rekneskap
- økonomistyring, oppfølging, rettleiing
- finansforvaltning
- kraftforvaltning
- økonomisk analyse
- verksemdstyring og utvikling
- eigedomsskatt
Arbeidsoppgåver vert avklara basert på erfaring, kompetanse og behov.
Kvalifikasjonar
- fortrinnsvis høgare utdanning med bachelor-/mastergrad i økonomi eller andre relevante fag. Relevant erfaring kan kompensere for utdanning
- gode IKT-kunnskapar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- fordel med erfaring frå eller god kunnskap om offentleg forvaltning, lov- og avtaleverk
- nyutdanna vert og oppfordra til å søke
Eigenskapar
- evne til å arbeide både strategisk og operativt
- er nøyaktig og strukturert
- har humor og arbeidsglede
- du får til samskaping og tek ansvar på tvers av fagområde
- er god til å formidle
- forankre og få folk med på laget
- har analytiske eigenskapar og er utviklingsorientert
Mangfald og tilrettelegging
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Dersom du har behov for tilrettelegging i arbeidskvardagen, legg me til rette så langt det let seg gjere.
Offentleg søkjarliste
I følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
09.06.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Arbeidsstad:
Leikanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Riverdalen 5 6863 Leikanger