Sogndal kommune, bu- og miljøtenesta Balestrand

Nattevakt, bu og miljø Balestrand – eining Eplehagen

Ynskjer du ein meiningsfull jobb som nattevakt i eit fagleg sterkt miljø? Då håpar me du søkjer hjå oss.

Vi yter tenester til menneske med ulike typar nedsett funksjonsevne. Tenesta omfattar personleg assistanse, opplæring i dagleglivet, tilrettelagde bustadar, dagtilbod og fritidstilbod. 

Eplehagen har ledig vikariat som nattevakt i 65% stilling som miljøterapeut/miljøarbeidar/assistent. Vikariatet har varigheit fram til 15.08.27.  

Sentrale ansvarsområde: 

  • Målretta miljøarbeid 
  • Ivareta nødvendig helsehjelp
  • Journalføring 
  • Oppfølging av vedtak etter HOL kap. 9
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø  
  • Andre oppgåver ved behov 

Kvalifikasjonar: 

  • Ynskjeleg med 3- årig helse-sosial- eller pedagogiske fag frå høgskule eller vidaregåande opplæring innan helse- og omsorgsfag
  • Fordel med erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonshemming 
  • Fordel med kjennskap til Gerica, Microsoft 365 og Visma flyt ressursstyring 
  • Beherske norsk skriftleg og munnleg 

 Personlege eigenskapar: 

  • Omsorgsfull 
  • Skape tillit til tenestemottakar, kollegaer og pårørande
  • God lagspelar
  • Trygg på deg sjølv og eiga rolle
  • Løysingsorientert og fleksibel 
  • Glad i å skape gode resultat saman med andre  

Spesielle vilkår for stillinga: 
Den som vert tilsett må leggje fram: 

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato 
  • Politiattest av ny dato   

 Me tilbyr: 

  • God opplæring og støtte
  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Gode velferdsordningar 
  • Løn etter tariff 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste.

Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Søknadsfrist:

12.07.2026

Arbeidsstad:

Balestrand

Kontaktpersonar:

Lise-Lotte Jørgensen

Stilling: Avdelingsleiar Bu- og miljøtenesta Balestrand

mob: 474 50 203

E-post: Lise-Lotte.Jorgensen@sogndal.kommune.no

Adresse:

Riverdalen 5 6863 Leikanger

Kart: