Sogndal kommune, Balestrand helsetun og heimeteneste

Sjukepleiar sjukeheim og heimetenesta

Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen!

Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten: Sjukepleiar 100% fast stilling i turnus, frå 17. august 2026.

Det er turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då lengre helgeintervall.

Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel.

Me har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs. For sjukepleiarar som tek vakter ved legevaktsatellitten, blir det gitt eit årleg lønnstillegg på kr 30 000.

Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen. 

Arbeidsoppgåver:

  • Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon.
  • Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten
  • Heilskapleg pleie og omsorg
  • Rettleiar for studentar/lærlingar og andre
  • Delta i tverrfagleg samarbeid
  • Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet
  • Medansvarlig for eit godt læringsmiljø
  • Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

Sentrale ansvarsområde:

  • Pasientflyt
  • Pasientjournalsystem - LMP
  • Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta
  • Medikamenthandtering
  • Legevisittar
  • Tverrfagleg samarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
  • Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane.
  • Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi
  • Førarkort

 Personlege eigenskapar:

  • Løysingsfokusert
  • Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne
  • Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt
  • Ha evne og interesse for eldreomsorg
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Godt fagleg miljø
  • Lønn etter tariff
  • Tilrettelagt årsturnus
  • Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall.

 Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Søknadsfrist:

12.07.2026

Arbeidsstad:

Balestrand

Kontaktpersonar:

Eli Sleire Ese

Stilling: Avdelingsleiar helsetunet

mob: 90296294

E-post: eli.sleire@sogndal.kommune.no

Adresse:

Hittunsvegen 6 6899 Balestrand

Kart: