Teamleiar og nestleiar
Intern utlysing Sogn barnevern - teamleiar og nestleiar
Teamleiarar og nestleiar til ny interkommunal barnevernsteneste.
Frå 1. januar 2027 blir det etablert ei felles barnevernsteneste for kommunane Aurland, Luster, Lærdal, Sogndal, Vik og Årdal. Sogndal kommune er vertskommune for den nye tenesta, som vil ha kontorlokasjonar på begge sider av Sognefjorden.
No søkjer me fem teamleiarar i 100 % faste stillingar.
Om stillingane
Som teamleiar har du ansvar for den faglege oppfølginga av teamet ditt. Du skal bidra til god kvalitet i arbeidet, internkontroll, fagutvikling og godt samarbeid på tvers av tenesta.
Du får delt personalansvar, med hovudvekt på fagleg rettleiing, oppfølging av medarbeidarar og fordeling av arbeidsoppgåver. Ei viktig oppgåve er å støtte og utvikle dei tilsette slik at dei utfører sjølvstendig, trygt og fagleg godt barnevernsarbeid.
Éin av dei fem teamleiarane vil i tillegg få funksjonen som nestleiar. Nestleiaren er stadfortredar for tenesteleiar og vil ha særskilt ansvar for å bidra til leiing, koordinering og vidare utvikling av tenesta. Arbeidsstad for nestleiaren er Lærdal, med 1–2 arbeidsdagar i veka i Sogndal.
Alle teamleiarane skal samarbeide tett med tenesteleiar, nestleiar og dei andre teamleiarane for å sikre ei samordna og heilskapleg teneste for barn, unge og familiar i samarbeidskommunane.
Som teamleiar får du ei sentral rolle i utviklinga av den nye interkommunale barnevernstenesta, både når det gjeld fag, arbeidsmåtar og kultur i ei framtidsretta teneste med høge ambisjonar for kvalitet og samarbeid. I etableringsfasen, august 2026 – august 2028, vil det krevje høg grad av nærvær og at du er tett på teamet ditt. Organisering, struktur og arbeidsoppgåver kan endre seg i denne perioden.
Barnevernstenesta vil vere organisert i fleire fagteam som t.d.:
mottak, barnevernsvakt og tenesteutvikling
undersøking og sakshandsaming av hjelpetiltak, 0-9 år
undersøking og sakshandsaming av hjelpetiltak, 10-18 år
omsorg og ettervern
familieteam (tiltak i og utanfor heimen)
Kontorstad for teamleiarane vil vere anten Sogndal eller Lærdal. Du må pårekna arbeidstid på begge kontora.
Deltaking i barnevernsvakta er ikkje foreinleg med rollene som teamleiar eller nestleiar.
Arbeidsoppgåver – teamleiar
fagleg leiing, oppfølging, opplæring og rettleiing av eige team etter barnevernsloven
sikre dagleg drift, kvalitet, fagutvikling og gode arbeidsprosessar
bidra til tenesteutvikling og inovasjon
delta i leiargruppa saman med tenesteleiar, nestleiar og dei andre teamleiarane
ha delt personalansvar i samarbeid med tenesteleiar
vekentlege teammøte
kortare periodar med stadfortredar ansvar
Arbeidsoppgåver – nestleiar
Nestleiaren har dei same oppgåvene som teamleiar, og i tillegg:
vere stadfortredar for tenesteleiar
ha fullt personalansvar for medarbeidarane i eige team, ev. teamleiar med kontorstad i Lærdal
bidra til den overordna leiinga og utviklinga av tenesta
tilnærma 100 % nærvær
Kvalifikasjonar
bachelor i barnevern eller sosialt arbeid. Søkarar med relevant helse- og sosialfagleg 3 åring utdanning kan bli vurdert
stettar kompetansekravet for leiing jf. Lov om barnevern
relevant praksis frå leiing og oppfølging av team
rettleiingskompetanse og erfaring
gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner
førarkort klasse B
det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar
Me ser etter deg som:
er fagleg engasjert og oppteken av kvalitet
har gode samarbeids- og relasjonsevner
tek initiativ og arbeider strukturert og sjølvstendig
er løysingsorientert og har god gjennomføringsevne og framdrift
er analytisk og trygg i faglege vurderingar og lovverket
er fleksibel og trivst i ei teneste i utvikling
har gode haldningar og ser verdien av tverrfagleg samarbeid
du er ein positiv person som ser moglegheiter og er opptatt av å bidra positivt i arbeidsmiljøet og robust nok til å takle utfordringar og stress
Me tilbyr
ei unik moglegheit til å vere med og byggje opp ei ny interkommunal barnevernsteneste
spennande leiaroppgåver i eit sterkt fagmiljø
ei støttande leiargruppe
høve til å påverke utviklinga av tenesta frå første dag
gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
rettleiing annankvar veke
løn etter avtale og gode pensjons- og forsikringsordningar
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Send søknaden med CV innan søknadsfristen via rekrutteringssystemet EasyCruit.
Søknad skal sendast på e-post til tenesteleiar Elin Pettersen elin.pettersen@sogndal.kommune.no
Elin er tilgjengeleg for spørsmål 16, 17, 20, 21 juli.
Intervju blir gjennomført 21. og 24. august
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
18.08.2026
Tiltreding:
Etter avtale
Kontaktpersonar:
Adresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal