Sogndal kommune Oppvekst

Aktivitetsguide

Vil du bidra til at fleire barn og unge får oppleve meistring, inkludering og fellesskap gjennom fritidsaktivitetar?

Sogndal kommune har motteke tilskot frå Bufdir til å utvikle og styrkje tiltaket Aktivitetsguide. Me søkjer no ein engasjert aktivitetsguide i 100 % prosjektstilling fram til 31. desember 2026, med arbeidsområde i heile Sogndal kommune.

Ein aktivitetsguide arbeider for å inkludere barn og unge som av ulike grunnar står utanfor organiserte fritidsaktivitetar. Målgruppa er barn og unge i alderen 6–19 år. Gjennom relasjonsbygging, rettleiing og samarbeid skal aktivitetsguiden bidra til at fleire får moglegheit til å delta i meiningsfulle aktivitetar og fellesskap.

Arbeidsoppgåver

  • Vere støttespelar og rettleiar for barn, ungdom og familiar
  • Oppsøkje og følgje opp barn og unge som står i fare for å falle utanfor fritidsaktivitetar
  • Formidle informasjon om fritidstilbod og aktivitetar
  • Hjelpe barn og unge inn i organiserte fritidsaktivitetar
  • Vere bindeledd mellom aktivitetstilbydarar, familiar og offentlege tenester
  • Samarbeide tett med føresette, skular, frivillige lag og organisasjonar
  • Arbeide aktivt med inkludering av utsette grupper, mellom anna minoritetsspråklege, barn og unge med nedsett funksjonsevne og andre som treng ekstra støtte for å delta
  • Delta i tverrfagleg samarbeid med ungdomsavdelinga, utekontaktar, fritidskoordinator, rådgjevar innan folkehelse og andre relevante samarbeidspartnarar
  • Bidra til systematisk utviklingsarbeid, administrasjon, dokumentasjon og rapportering
  • Arbeide med brukarmedverknad og vidareutvikling av aktivitetsguideordninga
  • Bidra i søknads- og prosjektarbeid ved behov
  • Delta på aktivitetar og arrangement
  • Arbeid på dagtid, kveld og helg må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innan helse, sosialt arbeid, pedagogikk eller tilsvarande fagområde
  • Erfaring frå arbeid som aktivitetsguide
  • Relevant arbeidserfaring kan kompensere for delar av utdanningskravet
  • Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar er ønskjeleg
  • Erfaring frå inkluderingsarbeid, ungdomsarbeid eller folkehelsearbeid er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Erfaring frå prosjektarbeid og tverrfagleg samarbeid er ønskjeleg
  • Førarkort klasse B
  • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Du er trygg, tydeleg og god til å byggje relasjonar
  • Du møter menneske med respekt, varme og engasjement
  • Du er strukturert, sjølvstendig og løysingsorientert
  • Du trivst med samarbeid og evnar å skape tillit på tvers av fagmiljø
  • Du har evne til å motivere og engasjere barn, unge og familiar

Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.

Me tilbyr

  • Ei meiningsfull stilling der du får gjere ein forskjell for barn og unge
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø
  • Moglegheit til å vere med og utvikle eit viktig tiltak for inkludering og deltaking
  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid og høve til kompetanseutvikling
  • 100 % prosjektstilling fram til 31. desember 2026, med moglegheit for forlenging

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.08.2026

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Adresse:

Riverdalen 5 6863 Leikanger

Kart: