Prosjektleiar for Rocket-Man og Aktivitetsguide
Vil du bidra til at fleire barn og unge får oppleve meistring, inkludering og fellesskap gjennom meiningsfulle fritidsaktivitetar?
Sogndal kommune ønskjer å styrkje arbeidet med inkludering og deltaking i fritidsaktivitetar for barn og unge. Me søkjer ein engasjert og initiativrik prosjektleiar som vil vere med å vidareutvikle og koordinere tilboda Rocket-Man og Aktivitetsguide i heile kommunen.
Stillinga er ei 100 % prosjektstilling frå 1. januar 2027 til og med 31. desember 2027, med moglegheit for forlenging. Tilsetjing er med atterhald om at Sogndal kommune får innvilga tilskotsmidlar frå Bufdir.
Arbeidsoppgåver
- Leie, koordinere og vidareutvikle Rocket-Man og Aktivitetsguide.
- Rekruttere, følgje opp og rettleie aktivitetsguidar.
- Støtte barn, unge og familiar i å finne og delta i fritidsaktivitetar.
- Byggje gode relasjonar og samarbeide med skular, føresette, frivillige lag og organisasjonar.
- Arbeide aktivt for inkludering av barn og unge som står i fare for å falle utanfor fritidsfellesskapet.
- Samarbeide tverrfagleg og bidra til utvikling av gode og heilskaplege tilbod.
- Ha ansvar for administrasjon, økonomi, søknadsskriving, dokumentasjon og rapportering.
- Delta på aktivitetar og arrangement. Arbeid på dagtid, kveld og helg må påreknast.
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan helse, sosialfag, pedagogikk, idrettsfag eller tilsvarande. Relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- Erfaring frå arbeid med barn, unge og familiar.
- Erfaring frå inkluderingsarbeid, prosjektleiing og tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Førarkort klasse B.
- Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er trygg, engasjert og god til å byggje relasjonar. Du arbeider sjølvstendig og strukturert, tek initiativ og har eit sterkt engasjement for barn og unge. Du er god til å skape tillit, motivere andre og finne løysingar i samarbeid med ulike fagmiljø.
Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.
Me tilbyr
- Ei meiningsfull prosjektstilling der du får bidra til å gjere ein forskjell.
- Moglegheit til å utvikle viktige tiltak for inkludering og deltaking.
- Eit engasjert og inkluderande arbeidsmiljø.
- Fleksibel arbeidstid og høve til kompetanseutvikling.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Løn etter tariff.
Me gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan verte offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, jf. offentleglova § 25. Dersom du har bede om unntak, vil du bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord.
Administrasjonsspråket i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjorde med ei prøvetid på seks månader.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
07.12.2026
Tiltreding:
01.01.2027
Arbeidsstad:
Sogndal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Dalavegen 2 6856 Sogndal