Sogndal kommune Fysio-, ergoterapi og friskliv

Ergoterapeut

Det er ledig 100% barselvikariat som ergoterapeut frå 1.1.22 i Sogndal kommune ved tenesteeining fysio-, ergoterapi og frisklivssentralen.

Arbeidsoppgåver:

  • Delta aktivt i utvikling av korttids-/rehabiliteringstilbodet i heile kommunen.
  • Kartlegging og vurdering av funksjons- og meistringsnivå.
  • Jobba systematisk med pasientflyt mellom spesialisthelsetenesta og kommunen, samt mellom tenester lokalt
  • Arbeide førebyggjande og behandlande på institusjon og i heime.
  • Arbeide med formidling, utprøving, tilpassing av hjelpemiddel, samt opplæring.
  • Oppfølging individuelt og i grupper.
  • Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå endra behov i tenesta.

 

Sentrale ansvarsområde:

Stillinga er retta mot rehabilitering, kartlegging av funksjons- og meistringsnivå, førebygging og behandling i institusjon og heimen, tilpassing av hjelpemiddel. Tverrfagleg samarbeid og arbeid med pasientflyt i kommunen og mellom spesialisthelsetenesta og kommunen blir viktige oppgåver i stillinga.

 

Kvalifikasjonar:

  • Offentleg godkjent ergoterapeut.
  • Godkjent politiattest.
  • Førarkort klasse B er eit krav, å kunne nytta eigen bil er en fordel
  • Erfaring frå kommunehelsetenesta og/eller rehabilitering er ønskjeleg.
  • Erfaring med eller kompetanse på vurdering av syn/sansetap er ønskjeleg.
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting

 

Personlege eigenskapar:

  • God evne til sjølvstendig arbeid og tverrfaglig samarbeid
  • Evne til å motivere og skape engasjement
  • God rolleforståing og arbeidskapasitet
  • Fleksibel og løysningsorientert
  • God kommunikasjonsevne
  • Systematisk og strukturert
  • Gode sosiale egenskaper

 

Me tilbyr:

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne eller minoritetsbakgrunn. Menn vert oppmoda til å søkje. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknader må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.  

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

02.10.2022

Tiltreding:

01.01.2023

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skrivarvegen 7 6863 Leikanger