Sogndal kommune Avdeling for førebygging

Inspektør byggetilsyn

Har du interesse for bygg?

Tenkjer du det er betre å førebygge byggfeil enn å reparere etterpå?

Er du ein problemløysar?

Trivst du med å snakk med andre menneske?

Er du ute etter unik og allsidig kompetanse?

 

Vi har ledig ei 100 % stilling som inspektør knytt til byggetilsynet, og lyser derfor ut etter ein medarbeidar med byggteknisk, juridisk eller anna relevant kompetanse for å fylle denne stillinga. Denne stillinga er ei av to inspektørstillingar som dekker byggetilsyn for seks ulike kommunar.

 

Sogn brann og redning IKS er eit interkommunalt selskap eigd av kommunane Vik, Sogndal og Luster. Vi har vårt hovudkontor i Sogndal. Hos oss jobbar det 12 heiltidstilsette og om lag 100 deltidstilsette fordelt på 8 brannstasjonar og depot.

Førebyggande avdeling har ansvar for tilsyn etter plan- og bygningslova for eigarkommunane, og for kommunane Høyanger, Lærdal og Årdal etter eigen avtale. I tillegg har avdelinga ansvar for tilsyn med om lag 200 særskilte brannobjekt, og feiing/tilsyn med i overkant av 10 000 fyringsanlegg.

 

Du får hovudsakleg desse oppgåvene:

  • Gjennomføre byggetilsyn etter plan- og bygningslova og forskrifter, i nært samarbeid med byggesaksavdelingane i kommunane.
  • Årleg rapportering av tilsynsverksemda i samråd med kommunane.
  • Delta i møter med eigarkommunane og kommunane vi har avtale med etter behov.

 

Kva treng du av kvalifikasjonar:

  • Utdanning som ingeniør frå ingeniørhøgskole, anna relevant høgskuleutdanning som jus/rettsvitskap/arealplanlegging eller tilsvarande.
  • Fagbrev/fagskule med lang relevant praksis og erfaring frå byggebransjen eller offentleg sakshandsaming vil kunne bli vurdert.
  • Minimum førarkort kl. B.

 

Blir du tilsett utan å tilfredsstille kvalifikasjonskrava må du forplikte deg til å gjennomføre nødvendig opplæring etter tilsetting.

 

Vi legg også vekt på:

  • Relevant praksis.
  • Gode kunnskapar og erfaring med bruk av IT- verktøy.
  • Gode munnlege og skriftlege framstillingsevner.
  • Personleg eigna, engasjert og interessert.
  • Evne til å arbeide både i team og sjølvstendig, strukturert og nøyaktig.  
  • Fleksibilitet og evne til å skape gode relasjonar til både publikum og medarbeidarar.

 

Vi tilbyr:

Du kan vente deg meiningsfull, utfordrande og allsidig kvardag i et ope og engasjert miljø. Hos oss kan du opparbeide deg brei kunnskap og erfaring innan både det byggtekniske og branntekniske området. Vi kan tilby fleksibel arbeidstid, løn etter avtale samt det ypparste av norsk natur som arbeidsområde.

 

Informasjon om stillinga:

Nærare informasjon om stillinga får du hos leiar førebyggande avdeling Torill Anita Segtnan tlf. 47 67 29 72,  eller brann- og redningssjef Vidar Trettenes tlf. 90 03 72 56.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.11.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Torill Anita Segtnan

mob: 47672972

Vidar Trettenes

mob: 90037256

Adresse:

Hovevegen 2 6856 Sogndal