Sogndal kommune Helse og omsorg

Rådgjevar helse og omsorg

Me søker deg som har relevant kompetanse, interesse og erfaring frå helse og omsorg. Har du samstundes lyst til å være med på å påverke, utvikle, og ha ein spennande og variert kvardag, da er du velkommen som søkjar hjå oss.

Stillinga er ein 100% fast, og ligg i stab hjå kommunalsjef.

 

Oppgåver

  • Medansvar i prosjekt «omstilling og utvikling av framtida si helse og omsorgsteneste
  • Medverke til å sikre utvikling og gjennomføring av overordna mål og satsingar
  • Delta og leie ulike prosjekt og utviklingsarbeid.
  • Utgreiingsarbeid og sakshandsaming
  • Rettleiing og koordinering av oppgåver i sektoren og mot eksterne samarbeidspartar.
  • Kommunen sin representant på møter og eksterne samarbeidsarenaer
  • Elles andre arbeidsoppgåver innanfor heile helse og omsorgsfeltet.

 

Kvalifikasjonskrav:

  • Høgare utdanning på minimum bachelorgrad i helse og sosialfag eller andre relevante fag.
  • Ynskeleg med relevant tilleggsutdanning, gjerne innan samhandling.
  • Ynskeleg med erfaring og god kunnskap om turnus arbeid og avtaleverk
  • Erfaring med, og resultat frå forbetring og prosjektarbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
  • Erfaring frå offentleg eller privat sektor, og kunnskap om nasjonale føringar for helse og omsorgsfeltet.
  • God organisasjonsforståing og evne til å handtere komplekse oppgåver.

 

Personlege eigenskapar:

Desse eigenskapane vil bli sterkt vektlagt ved tilsetting.

  • Gode evner til kommunikasjon, samhandling og til å bygge tillit og skape gode relasjonar internt og eksternt
  • Robust, og med gode evner til å jobbe sjølvstendig, og med fleire oppgåver pågåande samtidig
  • Utviklingsorientert, iniativrik og profesjonell
  • Du har evne til å tenke heilskapleg og være pådrivar, sjå mogelegheitsrom, og løysningar på tvers av tenestene, og sektor.
  • Du er profesjonell og effektiv i ditt arbeid.
  • Du har gjennomføringsevne og er resultatorientert.

 

Me tilbyr:

  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter.
  • Ein spannande jobb i eit godt arbeidsmiljø.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Gode velferdsordning

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.


Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

31.12.2022

Tiltreding:

Etter avtale

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skrivarvegen 7 6863 Leikanger