100% fast stilling som LOGOPED
Det kan i tillegg bli andre ledige stillingar.
Har du anna relevant utdanning og erfaring kan ei tilsetting i mellombels stilling som spesialpedagog vurderast.
Sogn pedagogisk psykologisk teneste (PPT) er interkommunal og yter tenester til grunnskular og barnehagar i Sogndal, Luster, Aurland og Vik. Sogn PPT er organisert i to avdelingar, spesialpedagogiske rådgjeving (PPT) og logopedavdeling med utøvande logopedar. Kontoret held til i Sogndal og har 11 tilsette.
Logopedavdelinga jobbar direkte med personar i alle aldrar som har behov for oppfølging frå logoped. Avdelinga har i dag tre logopedar og ein spesialpedagog (190%stilling), og har difor eit godt fagleg fellesskap.
Arbeidsoppgåver:
Kvalifikasjonar:
Personlege eigenskapar:
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting
Me tilbyr:
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.
Fast
Heiltid
Dag
19.02.2023
Etter avtale
Sogndal
Dalavegen 2 6856 Sogndal