Sogndal kommune Sogndal helse- og omsorgssenter

Helsefagarbeidar

Om stillinga

Prestahagen omsorgsbustad i Sogndal har ledig følgjande stilling:

· 70% fast stilling som helsefagarbeider ledig frå 01.04.23

For stillinga gjeld todelt turnus med arbeid kvar 3.helg, med moglegheit for tilpassingar.

Andre yrkesgrupper vil også bli vurdert for stillinga.

Prestahagen er ein omsorgsbustad til personar med demens. Bustaden ligg i tilknyting til helsesenteret i Sogndal kor både heimetenesta, sjukeheimen, legekontor, fysio/ergoterapitenesta og helsestasjon er lokalisert. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med andre einingar i kommunen.

 

Arbeidsoppgåver:

· Heilskapleg pleie og omsorg av eldre i omsorgsbustad

· Rettleiar for elevar/lærlingar og andre

· Delta i tverrfagleg samarbeid

· Legge til rette for miljøtiltak

· Medansvarlig for eit godt læringsmiljø

· Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet

· Ansvar for journal føring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut i frå retningslinjer.

 

Kvalifikasjonar:

· Godkjent hjelpepleier/helsefagarbeidar med norsk autorisasjon eller anna relevant utdanning innafor helse eller sosialfag.

· Erfaring eller vidareutdanning innan geriatri eller demens vil bli vektlagt

· Beherske norsk, skriftleg og munnleg

· Datakunnskap

 

Personlege eigenskapar:

· Løysingsfokusert

· Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse

· Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

· Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt

· Ha evne og interesse for eldreomsorg

· Personlege eigenskaper vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

· Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø.

· Gode pensjons- og forsikringsordningar

· Gode velferdsordningar

· Godt fagleg miljø

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit.

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

12.02.2023

Tiltreding:

01.04.2023

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Skrivarvegen 7 6863 Leikanger