Sogndal kommune Helsestasjon

Prosjektleiar for utvikling av psykisk helseteam for barn og unge

Me søkjer engasjert prosjektleiar for utvikling av psykisk helseteam for barn og unge i Sogndal kommune

Brenner du for å styrke psykisk helse hos barn og unge? Vil du være med på å forme eit framtidsretta og tverrfagleg psykisk helseteam som gjør en reell forskjell for barn og unge i Sogndal kommune? Då kan dette vera stillinga for deg!

Om stillinga
Sogndal kommune styrkar satsinga på barn og unge. Med bakgrunn i nasjonal rettleiar for psykisk helse for barn og unge, har kommunen motteke tilskot til eit spennande forprosjekt. Me søker ein erfaren prosjektleiar som kan utvikle eit utøvande psykisk helseteam for barn, unge og deira familiar. Dette teamet skal vera eit lågterskeltilbod og tilby behandling og oppfølging til barn og unge med milde til moderate psykiske plager, begynnande rusproblem og reaksjonar på belastande livshendingar. Tilbodet skal ha eit familieperspektiv og tilby foreldrestøtte og rettleiing til foreldre.

Prosjektleiarperioden i forprosjektet er fram til 1.april 2025, men det er moglegheit for forlenging og vidare tilsetjing i psykisk helseteam for barn og unge.

 

Tillitsreformen  
Sogndal kommune er ein aktiv deltakar i Tillitsreformen, som legg vekt på å byggje meir tillit både internt i organisasjonen og ut mot offentlegheita. Reforma skal bidra til å skape rom for å løyse utfordringar der dei faktisk oppstår, utan å måtte gå gjennom byråkratiske prosesser og silo-strukturer. Dette gir oss moglegheit til å handle raskt og effektivt, og styrkar vår evne til å tilby rett hjelp på rett plass og i rett tid. 

 

Din rolle
Som prosjektleiar vil du ha ei sentral rolle i å utvikle og etablere teamet. Du vil samarbeide tett med vår nytilsette kommunepsykolog og ei prosjektgruppe for å sikre eit heilskapleg tilbod som møter barn og unge sine behov på rett plass og til rett tid. Vi jobbar etter den tverrfaglege modellen «Betre tverrfagleg innsats» (BTI) og ønskjer å byggje videre på denne strukturen.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Utarbeide prosjektplan og milepælsplan i tråd med PLP-metodikken
  • Etablere prosjektgruppe frå relevante samarbeidspartnarar
  • Evaluere og rapportere på framdrift i forprosjektet
  • Tverrfagleg samarbeid
  • Eventuelt utøvande arbeid

 

Kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning på universitets- eller høgskolenivå innanfor psykologi, helsefag eller tilsvarande
  • Nødvendig med prosjektleiarkompetanse og/eller prosjekterfaring

 

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høg grad av sjølvstendigheit
  • Erfaring og kunnskap om tverrfagleg arbeid med barn og unge
  • God forståing for tidleg innsats, førebyggjande og helsefremjande arbeid
  • Kompetanse eller erfaring med rettleiing
  • Evne til å samarbeide og kommunisere med ulike samarbeidspartnarar og målgrupper
  • Strukturert, fleksibel og løysingsorientert
  • Interesse for utviklings- og endringsarbeid
  • Førarkort klasse B og tilgang til egen bil

Me tilbyr:

  • Ein spennande og utfordrande stilling i et godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter avtale

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Engasjement

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

04.08.2024

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Plassen 2 6856 Sogndal

Kart: