Sogndal kommune, institusjon - helse

Tilkallingsvikarar som brukarstyrt personleg assistent (BPA) i Balestrand

Me treng fleire tilkallingsvikarar som brukarstyrt personleg assistent (BPA) i Balestrand. Me søker stabile og fleksible personar som ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar. 

Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er varierte, men omhandlar praktisk- og personleg assistanse både i- og utafor heimen. Dette involverer oppgåver åleine eller saman med tenestemottakar, diverse husarbeid, måltid, reiser, hobbyar, personlege gjeremål som stell, dusj, av-/påkledning og andre førefallande oppgåver.

Kvalifikasjonar:

  • Ingen formell utdanning krevst
  • Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
  • Politiattest må leggast fram ved tilsetting
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Påliteleg
  • Sosial
  • Praktisk anlagt
  • Sjølvstendig
  • Ansvarsbevisst
  • Fleksibel og open for å lære nye ting
  • God på samarbeid og kommunikasjon
  • Kunne vere i eit arbeidsmiljø med dyr

Me tilbyr: 

  • Ein variert kvardag med spennande oppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Løn etter tariff som assistent

Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktpersonar for stillinga er:
Arbeidsleiar Roy Wathne  Tlf: 46930964, e-post: wembizen@gmail.com
Avdelingsleiar Balestrand heimeteneste Kamilla Mundal Neset, Tlf. 91375068, e-post: kamilla.mundal.neset@sogndal.kommune.no

Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

02.04.2026

Arbeidsstad:

Balestrand, hovudsakleg tenestemottakar sin eigen bustad

Kontaktpersonar:

Kamilla Mundal Neset

Stilling: Avdelingsleiar heimetenesta

mob: 91375068

Adresse:

Hittunsvegen 6 6899 Balestrand

Kart: