Tilkallingsvikarar som brukarstyrt personleg assistent (BPA) i Balestrand
Me treng fleire tilkallingsvikarar som brukarstyrt personleg assistent (BPA) i Balestrand. Me søker stabile og fleksible personar som ynskjer å jobbe som tilkallingsvikar.
Arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåvene er varierte, men omhandlar praktisk- og personleg assistanse både i- og utafor heimen. Dette involverer oppgåver åleine eller saman med tenestemottakar, diverse husarbeid, måltid, reiser, hobbyar, personlege gjeremål som stell, dusj, av-/påkledning og andre førefallande oppgåver.
Kvalifikasjonar:
- Ingen formell utdanning krevst
- Personlege eigenskapar vil verta vektlagt
- Politiattest må leggast fram ved tilsetting
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Påliteleg
- Sosial
- Praktisk anlagt
- Sjølvstendig
- Ansvarsbevisst
- Fleksibel og open for å lære nye ting
- God på samarbeid og kommunikasjon
- Kunne vere i eit arbeidsmiljø med dyr
Me tilbyr:
- Ein variert kvardag med spennande oppgåver
- Eit godt arbeidsmiljø med godt samhald
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Gode velferdsordningar
- Løn etter tariff som assistent
Vi ønskjer eit arbeidsmiljø preget av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilrettelegge arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktpersonar for stillinga er:
Arbeidsleiar Roy Wathne Tlf: 46930964, e-post: wembizen@gmail.com
Avdelingsleiar Balestrand heimeteneste Kamilla Mundal Neset, Tlf. 91375068, e-post: kamilla.mundal.neset@sogndal.kommune.no
Kun søknadar mottekne innan frist og levert via Easycruit vert tekne i betraktning.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Søknadsfrist:
02.04.2026
Arbeidsstad:
Balestrand, hovudsakleg tenestemottakar sin eigen bustad
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Plassen 2 6856 Sogndal