Sogndal kommune Furuli barnehage

Pedagogisk leiar

Furuli barnehage er ein kommunal barnehage med 6 avdelingar. Meir informasjon finn de på heimesida vår. Furuli barnehage - SOGNDAL KOMMUNE (furuli-bhg.no) 

Om stillinga: 

100%  fast stilling som pedagogisk leiar i Furuli barnehage. 

 

Arbeidsoppgåver: 

Som pedagogisk  leiar og barnehagelærar har du ansvar for å planlegga, gjennomføra og evaluera  det pedagogiske arbeidet på di avdeling. Du skal bidra til godt samarbeid med barn, personale, foreldre og andre samarbeidspartnerar .Det er viktig at du held deg oppdatert på fagfeltet, og gir rettleiing og tilbakemelding til personale på avdelinga di og involverer dei i planarbeid og gjennomføring. 

 

Kvalifikasjonar: 

  • Utdanning som barnehagelærar ev. anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. 

  • -beherska relevante og gode IKT -verktøy og system 
    -krav om god skriftleg og munnleg norskkunnskap 
    -krav om politiattest  av nyare dato 

 

Personlege eigenskapar: 

-engasjert, positiv, fleksibel og løysningsorientert 
-gode evner til både å arbeide sjølvstendig og å samarbeida 
-god relasjonskompetanse 

-gode leiareigenskapar 
-god på kommunikasjon 
-gode evner til skriftleg og munnleg dokumentasjon 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. 

 

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. 

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. 

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt  EasyCruit. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.02.2023

Tiltreding:

Snarleg

Arbeidsstad:

Kaupanger

Kontaktpersonar:

Adresse:

Dalkupvegen 3 6854 Kaupanger