Sogndal kommune Oppvekst

Jobb for eit betre oppvekstmiljø i Sogndal!

Bli med og bygg eit enda betre oppvekstmiljø i Sogndal

Me i Sogndal kommune styrkjer no innsatsen for barn og unge gjennom fleire nye stillingar i det førebyggjande barne- og ungdomsarbeidet. Me ønskjer å bygge trygge og inkluderande oppvekstmiljø der barn og unge får støtte til meistring, deltaking og utvikling – både i kvardagen, på skulen og i fritida.

 

No søkjer me nye kollegaer til desse stillingane: 

  • Utekontakt (100% 1-årig engasjement, med mogelegheit for forlenging) 

  • Ungdomslos (100% engasjement, 3 år kan delast på to 50%) 

Stillingane vil inngå i ulike tverrfaglege team og samarbeide tett med andre tenester i kommunen. Du vert del av eit fagmiljø som jobbar for å bidra til at fleire unge får kjenne tilhøyrsle og meistring. 

 

Du treng berre å sende inn éin søknad!
Skriv gjerne i søknaden kva stillingar du er interessert i – me kan vurderer søkjarar til fleire roller ut frå kompetanse, erfaring og motivasjon. 

Søk via denne annonsa, eller gå til: sogndal.easycruit.com for å lese meir og søkje på dei konkrete stillingane. 

 

Felles krav til alle stillingane 

  • Gyldig politiattest (ved tilsetjing) 

  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg 

  • Førarkort klasse B (gjeld utekontakt, ungdomslos og prosjektleiar) 

 

Me ser etter deg som 

  • Er god til å bygge relasjonar og møter ungdom med respekt og tryggleik 

  • Arbeider sjølvstendig og samarbeider godt i team 

  • Er strukturert, fleksibel og løysingsorientert 

  • Har god rolleforståing og ønskje om å bidra til eit inkluderande oppvekstmiljø 

Personlege eigenskapar vil bli vektlagde. 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.   

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.   

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

04.06.2025

Tiltreding:

Etter avtale

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Ida Sophie Ulshagen Øye

Adresse:

Dalavegen 2 6856 Sogndal

Kart: