Vil du vere med å utvikle framtidas omsorgstenester i Sogn?
Tenesteleiar Leikanger sjukeheim/heimetenesta og Balestrand sjukeheim/heimetenesta
No har du sjansen til å leie to engasjerte og kompetente team og bidra til at eldre og brukarar får eit trygt, meiningsfullt og verdig tilbod i kvardagen.
Om stillinga
Som tenesteleiar får du overordna ansvar for drift, fag, økonomi og personale ved Leikanger sjukeheim/heimetenesta og Balestrand sjukeheim/heimetenesta. Du blir ein del av leiargruppa for helse og omsorg, og rapporterer til kommunalsjef.
Her får du moglegheit til å påverke utviklinga av tenestene, løfte fram gode idear frå medarbeidarane og vere ein viktig støttespelar for både tilsette og brukarar.
Kven ser me etter?
Me ser etter deg som:
Har relevant helse- og/eller sosialfagleg utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
Har leiarutdanning og/eller erfaring med personalansvar og dokumenterte resultat
Er trygg i dialog med ulike fagmiljø og samarbeidspartnarar
Er strukturert, systematisk og har evne til å sjå heilskap og finne gode løysingar
Har god kjennskap til og kunnskap om endrings- og omstillingsarbeid
Er ein inspirerande og inkluderande leiar som får folk med deg
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me ønskjer oss ein leiar som ser verdien av å jobbe i team, som er løysingsorientert og som motiverer andre til å utvikle seg.
Dette får du hos oss:
Ein spanande og meiningsfull jobb
Moglegheit til å påverke og utvikle tenestene
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Velferdsordningar og lønn etter avtale
Kvifor velje Sogn?
Her får du kort veg til fjord, fjell og friluftsliv og eit arbeidsmiljø der me heiar på kvarandre. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Mangfald og inkludering
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller bakgrunn. Me legg til rette for tilpassa arbeidsforhold ved behov.
Praktisk informasjon
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Alle tilsetjingar skjer med 6 månaders prøvetid
Opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort i tråd med offentleglova § 25, 2. ledd. Du vil bli varsla dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste
Søknad skal sendast via EasyCruit innan søknadsfristen
Har du spørsmål? Ta gjerne kontakt om du er nysgjerrig og vil ha ein prat om stillinga og arbeidskvardagen.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Søknadsfrist:
01.01.2026
Arbeidsstad:
Leikanger/Balestrand
Kontaktpersonar:
mob: 48 02 47 55
Heimeside:
http://www.sogndal.kommune.noAdresse:
Riverdalen 5 6863 Leikanger