Sogndal kommune Bu- og miljøtenesta

Sommarvikarar - Bu- og miljøtenesta

Sommarvikarar – Bu- og miljøtenesta, sone BalestrandStedje, Sogndal og Stadheimsgarden 

Vil du ha ein lærerik og meiningsfull sommarjobb der du gjer ein forskjell for andre? Bu- og miljøtenesta søkjer ferievikarar for sommaren 2026! Me er ei stor og inkluderande personalgruppe som yter gode og forsvarlege tenester til brukarar i alle aldrar og med ulike funksjonsnivå. 

Arbeidsperiode: veke 25–33 
Arbeidsform: Turnus med langvakter og arbeidshelg. 

Fint om du kan presisere kvar du helst vil jobbe: Bu- og miljøtenesta, sone Balestrand, Stedje, Sogndal eller Stadheimsgarden 

Me er ei stor personalgruppe, som ønsker å yte gode og forsvarlege tenester til våre brukarar. Me yt teneste til brukarar i alle aldrar og med ulikt funksjonsnivå. Ynskjer du ein lærerik og givande sommar bør du søkje hjå oss! 

 Arbeidsoppgåver:  

  • Yte nødvendig og forsvarlig helsehjelp

  • Rettleie i dagleglivets gjeremål som for eksempel matlaging, stell og aktivitetar

Det er eit overordna mål å sikre brukarane ein trygg og føreseieleg kvardag der tenesteutøvinga bidreg til vekst og utvikling. Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar som respekt, toleranse, tolmod og evne til å handtere krevjande situasjonar. Dette i godt samarbeid med brukar, pårørande og kollegaer internt og eksternt. 

 Kvalifikasjonar: 

  • Ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg

  • Vere fylt 18 år (dei som er under 18 år kan søkje og vil verta vurdert fortløpande)

  • Oppmodar verne- og sjukepleiarstudentar til å søkje

  • Førarkort Klasse B 

  • Ynskjeleg at søkjaren har erfaring med mennesker med nedsatt funksjon

Personlege eigenskapar: 

  • Gode samarbeidsevner for å nå felles mål 

  • Evne til å dele kunnskap med andre faggrupper 

  • Reflektert, løysingsorientert og tolmod 

  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

  • Evne til å skape tillit 

  • Være initiativrik og fleksibel 

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr: 

  • Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 

  • Gode velferdsordningar 

  • Pendlarbolig (Balestrand) 

  • Relevante helsefaglege utdanningar på høgskule- /universitetsnivå som har fullført første året vert lønna som fagarbeidar, og som fagarbeidar med 8 års ansiennitet om du har fullført andre året. 

Den som vert tilsett må leggje fram: 

  • Tuberkulose/MRSA-skjema, evt. Tuberkulinattest av ny dato 

  • Politiattest av ny dato 

Og du, som sommarvikar i denne stillinga får du høve til å delta på Sognacamp! Sognacamp er ei fem veker lang sommaroppleving for dei heldige som har sommarjobb i Sogn. Målet er å gi deg ein verdifull inngang til arbeidslivet, samstundes som du får utforske moglegheitene i vakre Sogn og bli kjend med andre som har sommarjobb her.

Vil du ha ein sommar du aldri gløymer? Då er Sognacamp for deg! Du får meir informasjon og høve til å melde deg på når du har fått tilbod om sommarjobben. Les meir her: Sognacamp

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og sendast via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Søknadsfrist:

30.01.2026

Arbeidsstad:

Sogndal

Kontaktpersonar:

Adresse:

Riverdalen 5 6863 Leikanger

Kart: